Nemko Iso Arr

Forsking

Tips en venn Skriv ut

 

 

Nasjonalt kompetansesenter har som oppgåve å utvikle det faglege fundamentet for faget arbeidsretta rehabilitering.

 

Målet vårt er å betre forståinga av inntakskriterium, optimalt innhald, effekt og beste samhandlingskjedar for opphald på ein ARR-institusjon.

 

Det skal vi få til ved å:

  • Utvikle eit forskingsmiljø som tar opp utfordrande problemstillingar rundt  arbeidsretta rehabilitering
  • Generere forsking i nettverket av ARR-institusjonar

 

Kompetansesenteret arbeider til ei kvar tid med ei rekkje forskingsprosjekt. På denne sida finn du informasjon om pågåande forskingsprosjekt og oversikt over publiserte artiklar, rapportar og oppgåver

 

  

Oversikt over våre pågåande forskingsprosjekt finn du her

 

Publiserte artiklar

 

Rapportar og oppgåver

 

 

Forskingssamarbeid

Nasjonalt kompetansesenter har inngått ei forpliktande forskingsavtale med Unifob helse ved Universitetet i Bergen, som er ei uavhengig forskingseining utan klinisk preferanse. Samarbeidet er grunnleggjande for å kvalitetssikre ein langsiktig forskingsinnsats ved Kompetansesenteret og ARR-institusjonane. Unifob helse blei valt som samarbeidspartnar fordi eininga har forskings- og fagkompetanse innan ARR, eit fagfelt som ligg i skjeringspunktet mellom det medisinskfaglege og det arbeidslivsfaglege.

 

Vårt samarbeid med Unifob helse sikrar oss universitetstilknyting og er ein føresetnad for vår status som nasjonalt kompetansesenter. Slik kan vi bruke klinikkane i ARR-kjernegruppa som vårt forskingsmateriale, samstundes som vi ivaretek forskingsprinsippa for uavhengig forsking.

 

 

 

Fagutviklingsprosjekt

Nasjonalt kompetansesenter arbeider også med fleire fagutviklingsprosjekt. Målet med desse prosjekta er å utvikle fagfeltet ARR og dele ny kunnskap og erfaringar med andre ARR-institusjonar.

 

Les meir om våre utviklingsprosjekt

 



Publisert: 20/08/07
Sist endret: 28/05/09
Attføringssenteret i Rauland AS
N -3864 Rauland • Tlf: 35 06 28 00 • Faks: 35 06 28 01
Intern informasjonWebdesign og cms: mpPublish