Nemko Iso Arr
Tips en venn Skriv ut

Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering

Attføringssenteret i Rauland (AiR) er Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering.

 

  • AiR har drive med arbeidsretta rehabilitering (ARR) sidan senteret starta opp i 1986 og fekk status som Nasjonalt kompetansesenter i 2005. Organisasjonen vart då delt inn i AiR - Klinikk og AiR - Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering.

 

  • Kompetansesenteret har som oppgåve å utvikle og styrke fagfeltet institusjonsbasert arbeidsretta rehabilitering.

 

  • Kompetansesenteret er underlagt Helse Sør-Aust RHF etter oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet.

 

  • Kompetansesenteret byggjer på ein nettverksmodell med utgangspunkt i eit nettverk av ARR-institusjonar som er innanfor spesialisthelsetenesta og som har avtale med regionale helseføretak (RHF). 

 

  • Hovudmålsetjinga for kompetansesenteret er å utvide og utvikle kompetansesenterfunksjonen på ein slik måte at vi møter produksjonskrava innan forsking, formidling og nettverksaktivitetar.

 

 

Føremåla med kompetansesenteret er å:

 

1.      Få betre kunnskap om kven som er rett brukar av ARR.

 

2.      Få betre kunnskap om kva som er best mogleg innhald i metodikk for ARR.

 

3.      Få betre kunnskap om effektar av ARR.

 

4.      Få betre kunnskap om optimal samhandling med andre aktørar i samhandlingskjeda.

 

5.      Vera med å styrke kompetanseutvikling i heile behandlingskjeda.

 

 

Fire produksjonsområde

For å nå målsetjinga har kompetansesenteret peika ut fire produksjonområde. Desse er forsking, fagutvikling, formidling og nettverk.

 

1. Forsking

Fyrste delmål er at kompetansesenteret skal vera med å betre det faglege fundamentet for feltet arbeidsretta rehabilitering. Det er difor eit mål å auke forskingsaktivitet internt og saman med våre samarbeidspartnarar for å betre forståinga av inntakskriterie, optimalt innhald, effekt og optimale samhandlingskjedar.

 

Kompetansesenteret har inngått ei forpliktande forskingsavtale med Uni helse v/Universitetet i Bergen som er ei uavhengig forskingseining, utan klinisk preferanse. ARR ligg i skjeringsfeltet mellom det medisinskfaglege og det arbeidslivsfaglige, og Uni helse har forskings- og fagkompetanse innan båe desse felta. Samarbeidet med Uni helse er grunnleggjande for å kvalitetssikre ein langsiktig forskingsinnsats ved kompetansesenteret og ARR-institusjonane. 

 

2. Fagutvikling

Delmål to er å utvikle arbeidsmåte og innhald i ein nasjonal modell for arbeidsretta rehabilitering. Strategien er å auke tilgangen på kompetanse og kunnskap knytt til arbeidsretta rehabilitering, med utgangspunkt i basisverksemda ved AiR - Klinikk og dei andre institusjonane i nettverket.

  

3. Formidling og deltaking i eksterne regionale/nasjonale prosessar

Delmål tre i kompetansesentermodellen er å drive formidling av arbeidsmåte og innhald i vår rehabiliteringsmodell. Me arbeider for å auke omfanget og kvalitetssikre formidling av arbeidsmåte og innhald i arbeidsretta rehabilitering.

 

Vi har trong for ein strategi for nye aktørar i ARR-nettverket. Nettverket er ei samling av institusjonar med konkrete ARR-program som aktivt samhandlar rundt faglege spørsmål. Nye institusjonar utviklar no ARR-program. For å kvalitetssikre disse tilboda krevst innføring, opplæring og oppfylging av institusjonane. Utvikling og implementering av eit traineeprogram er eitt av hovudgrepa for å møte denne trongen.

 

4. Nettverk

Vår nettverksmodell har ein kjernestruktur som består av kjerne, kjernegruppe og kjernenettverk. Dette er kompetansesenterets utgangspunkt og primære kunnskapsgrunnlag, og er avgrensa til rehabiliteringsinstitusjonar i spesialisthelsetenesta med eit spesifikt arbeidslivsfokus. Eit sentralt mål er å auke det faglege grunnlaget. Samtidig ynskjer vi at den kompetansen som blir utvikla i kjernenettverket òg kan bli tilført andre institusjonar med ARR-profil, aktørar som tilbyr arbeidsretta tiltak og øvrige samhandlingskjede.

 

Ein nettverksmodell er ikkje ein stabil struktur. Han er sett saman av delvis omskiftelege og til ein viss grad organiske nettverk. Slik vil samanstillingar og samarbeidspartnarar skifte når omgjevnadane stadig er i endring.

 

 

Partnerskapsavtaler

Kompetansesenteret har partnerskapsavtaler med desse institusjonane:

 

 

 

 

 
 



Publisert: 20/08/07
Sist endret: 30/06/10
Attføringssenteret i Rauland AS
N -3864 Rauland • Tlf: 35 06 28 00 • Faks: 35 06 28 01
Intern informasjonWebdesign og cms: mpPublish