Modellen for Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering er ein nasjonal nettverksmodell.
Med utganspunkt i dei spesifikke ARR-institusjonane i nettverket som primær målgruppe er utgangspunktet for mykje av erfaringsgrunnlaget til kompetansesenteret basert på langtidssjukemeldte med sammansette lidingar, muskel- /skjelettplager og lettare psykiske lidingar.
Å auke det faglege grunnlaget er eit sentralt mål. Andre viktige målsetjingar er at den fagkompetansen som blir utvikla i nettverket òg kan tilførast andre rehabiliteringsinstitusjonar og øvrige del av samhandlingskjeda.