Nemko Iso Arr

Møteplassar i ARR

Tips en venn Skriv ut

Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering arbeider for å utvikle møteplassar der ulike aktørar innan fagfeltet ARR kan møtast.

 

ARR - Åpen arena

Fagfeltet arbeidsretta rehabilitering er i vekst, og i januar 2009 arrangerte Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering sin fyrste ARR Åpne Arena på Lillehammer Hotel - ein nasjonal konferanse for fagfeltet. Storarenaen blir vidareført i 2010. Helsedirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet delfinansierer konferansen.

 

Les meir om ARR - Åpen-arena her

 

Møteplassen

Møteplassen er samlingsstaden for institusjonane i kjernenettverket. ARR-institusjonane samlast ein gong i året, og byter på å invitere til Møteplass. Målet med samlingane er å diskutere kva som er best praksis i fagfeltet vårt arbeidsretta rehabilitering. Eksterne fagfolk og føredragshaldarar blir også invitert for å koma med interessante innspel til fagfeltet. Forskingsaktivitet i kjernenettverket er alltid eitt av temaa. Institusjonane delar erfaringar frå pågåande forskingsprosjekt og nye forskingsidear blir diskutert. 

 

 

Møteplass for kjernegruppa

 

Møteplass for kjernegruppa i 2010 blei arrangert 31. mai - 1. juni på Røros Rehabiliteringssenter. Stad og dato for kjernegruppas Møteplass i 2011 vil bli bestemt i januar/februar 2011.

 

Målgruppe: Dei fem institusjonane i kjernenettverket av ARR-institusjoanr (Valnesfjord Helseportssenter, Røros Rehabiliteringssenter, Hauglandssenteret, Hernes Institutt og AiR - Klinikk).

 

 

Møteplass for kjernenettverket 

 

Neste Møteplass for kjernenettverket blir arrangert 13.-14. september 2010 (klikk her for meir infomasjon).

 

MålgruppeMålgruppe: Fagpersonar frå institusjonsbasert arbeidsretta rehabilitering i spesialisthelsetenesta (dvs. med avtale med RHFar).

 

Les referat frå tidlegare møteplassar



Publisert: 21/11/07
Sist endret: 08/06/10
Attføringssenteret i Rauland AS
N -3864 Rauland • Tlf: 35 06 28 00 • Faks: 35 06 28 01
Intern informasjonWebdesign og cms: mpPublish