Nemko Iso Arr

Arbeidsretta rehabilitering (ARR)

Tips en venn Skriv ut

 

 

Arbeidsretta rehabilitering (ARR) er rehabiliteringsprosessar med deltaking i arbeidslivet som overordna mål.

Kvalitetsmål for ARR

AiR - Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering har utnemnt eit fagråd for nettverket av ARR-institusjonar som har fått i oppgåve å utvikle eit sett med kvalitetsmål for institusjonsbasert arbeidsretta rehabilitering. Kvalitetsmåla skal dekke fagområdet, men ikkje den administrative delen av eit institusjonsopphald. Utarbeidinga av kvalitetsmåla har som føremål å vera ein metode for sjølvevaluering av institusjonane og for å tydeleggjera kva som er god kvalitet innan fagfeltet.

 

Les kvalitetsmåla for arbeidsretta rehabilitering


Definisjon

Årsaker til sjukefråvere er ofte komplekse, og eit langtidssjukefråvere har som oftast både fysiske og psykiske årsakssamanhengar. Dei to største enkeltgruppene av diagnosar for legemeldte sjukefråversdagsverk er muskel- og skjelettplager og psykiske plager (NAV – sjukefråværsstatistikk 1. kvartal 2007).

Fagrådet i ARR-nettverket har definert arbeidsretta rehabilitering som:
 
Tidsavgrensede planlagte prosesser med klare virkemidler og deltagelse i arbeidslivet som definert hovedmål, hvor flere aktører samarbeider om å gi nødvendig bistand til brukerens egen innsats for å oppnå best mulig funksjons- og mestringsevne, selvstendighet og deltagelse i arbeidslivet.
 

Inntakskriterie til eit ARR-opphald
ARR har spesialisert sin kompetanse mot personar med muskel/skjelettplager, lettare psykiske plager og samansette plager/problem. Målgruppa er i hovudsak sjukemeldte arbeidstakarar med antatt arbeidsevne som har vore gjennom tilstrekkeleg medisinske utredingar og behandling, men som ikkje har klart å ta steget tilbake til arbeidslivet. Opphaldet skal vera eit tiltak utover det det ordinære hjelpeapparat kan gje (1.og 2. linjetjeneste). Personar som mottek rehabiliteringsstønad og yrkesretta attføring er òg del av målgruppa.
 

Innhald i eit ARR-tilbod
Arbeidsretta rehabilitering inneber parallelle og tverrfaglege intervensjonar mot helse og arbeid. Tilbodet inneheld tverrfaglig kartlegging, tilpassa fysisk aktivitet og kognitive åtferdsretta endringsprosessar gjennom veiledning individuelt og i grupper. Det bli lagt til rette for at brukaren startar eigne lærings-og treningsprosessar som fremmar bevisstgjering av eigne ressursar og moglegheiter, og som bidreg til å få tilbake eller behalde arbeidsevna og deltaking i arbeidslivet.
 
Arbeidsretta rehabilitering bygger på kompetanse innan spesialisert medisinsk rehabilitering. Sentrale element i denne rehabiliteringa er:

  • Medisinsk faglig rehabiliteringskompetanse.
  • Veiledningskompetanse/kognitiv tilnærming.
  • Arbeidslivskompetanse.
  • Samhandlingskompetanse med lokale aktørar som arbeidsgjevar/arbeidsplass, primærlege, BHT, NAV, lokale behandlarar, arbeidslivssenter, attføringsbedrifter med fleire. 

 


Biopsykososial forståing
Medisinsk rehabilitering handlar om å styrke brukaren sine eigne ressursar og moglegheiter til å koma tilbake til arbeidslivet.
 
Arbeidsretta rehabilitering byggjer på ei biopsykososial og fenomenologisk forståing av funksjon/sjukdom. Ei slik forståing inneber ei anerkjenning av at utvikling av sjukdom og/eller nedsett funksjonsevne ikkje bare har biologiske årsaker, men også psykiske, sosiale og kulturelle årsakssamanhengar. Brukaren må sjåast i samanheng med sine opplevingar og erfaringar, daglegliv og arbeidssituasjon.

I arbeidsretta rehabilitering blir difor desse elementa vektlagt:

  • Som nemnt må brukaren si funksjonsevne sjåast i samanheng med hennar/hans sine opplevingar og erfaringar, daglegliv og arbeidssituasjon.
  • Å vera med å auke bevisstgjeringa hjå brukaren av eigne ressursar, moglegheiter til aktivitet og arbeidslivdeltaking.
  • Fysisk aktivitet i ulike former tilpassa brukaren sine føresetnadar blir vektlagt.
  • Nær kontakt med arbeidsgjevar, Nav og lokalt hjelpeapparat.

 

Eit ARR-opphald skal ende opp med funksjonsvurdering og ein konkret handlingsplan mot deltaking i arbeidslivet som skal forankrast lokalt.
 
Omgrepsapparatet i ICF blir nytta for forståing av funksjonsomgrepet og medodikken som blir nytta overfor brukarane


Politisk prioriteringa av sjukefråvere og arbeidsretta rehabilitering  
Arbeidsretta rehabilitering blir av styresmaktene sett på som eit viktig tiltak for å få sjukemeldte tilbake i arbeide.
 
I St.prp.nr.1 (2007-2008) blei Nasjonal strategi for habilitering og rehabiltering 2008- 2011 lansert. Problemstillingar knytt til Arbeid og helse har ein sentral plass i strategien, der også arbeidsretta rehabilitering er tydeleg plassert. Strategien legg stor vekt på kvalitet, forsking og fagutvikling, og er på mange vis heilt i tråd med måla til Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabiltering. Helse-og omsorgsdepartemetet har planlagt ein prosess i 2008 knytt til oppfølging og konkretisering av strategien med utarbeiding av tiltaksplanar.
 
Stortingsmelding nr 9. Arbeid, velferd og inkludering, viser til at det i fleire samanhenger har vore påpeikt at det er trong for tverrfaglege- og arbeidsretta tenester som er spesielt utforma for å bidra til at sjukemeldte kjem tilbake i arbeid. St.meld. 9 er blitt fylgt opp av fleire verkemiddel, og det er blant anna vedteke Forskrift om avklaring, arbeidsretta rehabilitering og oppfølging for sykemeldte arbeidstakere.
 
I St.prop. nr. 1 (2006-2007), Del 3 Nasjonal helseplan 2007-2010 (Helse- og omsorgsdepartementet), lyftas også samhandling og rehabilitering/habilitering fram som særskilde satsingsområde for helse- og omsorgstenesta.  


Relevante lenker

 

Soria Moria ll

 

St.meld.nr.7 (2008-2009) Samhandlingsreformen - Rett behandling - på rett sted - til rett tid.

 

Hva skjedde i 2008? Nasjonal strategi for habilitering og rehabilitering 2008-2011

 

Privat i offentlig sektor. De private rehabiliteringsinstitusjonenes rolle og rammebetingelser

 
St.prop.nr.1 (2007-2008) Nasjonal strategi for habilitering og rehabilitering (2008-2011) 

 

St. meld. nr. 9 Arbeid, velferd og inkludering

 

St. prop. nr. 1. (2006-2007), del 3, Nasjonal helseplan 2007-2010 

 

Lovdata. Forskrift om arbeidsrettede tiltak



Publisert: 11/08/08
Sist endret: 30/06/10
Attføringssenteret i Rauland AS
N -3864 Rauland • Tlf: 35 06 28 00 • Faks: 35 06 28 01
Intern informasjonWebdesign og cms: mpPublish