Nemko Iso Arr
Tips en venn Skriv ut

Opphaldet

Våre tilbod

 

Målet med våre tilbod i arbeidsretta rehabilitering er å hjelpe brukarane våre til ein betre funksjon slik at ho/han kan få tilbake eller ta vare på arbeidsevna.

 

AiR – Klinikk tilbyr to ulike opphald:

 

 

NB: Dette tilbodet får eit opphald frå 1. januar 2010. For meir informasjon, ring AiR - Klinikk, 35062800

 

 

 

 

Ved AiR - Klinikk ser vi mennesket i eit heilskapsperspektiv. Her er alle sider viktige; fysiske, psykiske, sosiale og eksistensielle. Kropp og sjel er to sider av same sak. Vi ynskjer at brukarane skal få eit opphald som gjev overskot og evne til å endre kursen mot eigne mål på ulike livsområde. Dette krev aktiv haldning og handling hjå den einskilde brukar. Med utgangspunkt i brukaren søkjer vi saman mål som er realistiske og mogelege.

 

Generell informasjon om tilboda ved AiR – Klinikk

 

  • Kva er arbeidsretta rehabilitering?
  • Vår brukargruppe
  • Søkje plass  
  • Praktisk informasjon
  • Måltid og kosthald
  • Kontakt oss

 

Kva er arbeidsretta rehabilitering?

Arbeidsretta rehabilitering (ARR) er spesialisert medisinskfagleg rehabilitering kombinert med prosessar retta mot å koma i eller behalde arbeid. Arbeidsretta rehabilitering  skal styrke den enkeltes arbeidsevne og bidra til meistring av helserelaterte, miljømessige og personlege problem som hindrar deltaking i arbeidslivet.

 

Arbeidsretta rehabilitering inneber parallelle og tverrfaglege intervensjonar mot helse og arbeid. Tilbodet inneheld tverrfaglig kartlegging, tilpassa fysisk aktivitet og kognitive åtferdsretta endringsprosessar gjennom veiledning individuelt og i grupper. Det bli lagt til rette for at brukaren startar eigne lærings- og treningsprosessar som fremmar bevisstgjering av eigne ressursar og moglegheiter, og som bidreg til å få tilbake eller behalde arbeidsevna og deltaking i arbeidslivet.
 

Vår brukargruppe

Rehabliteringstilbodet ved AiR - Klinkk rettar seg mot brukarar med ulike helseutfordringar (fysiske, psykiske eller sosiale). Tilbodet er diagonseuavhengig og ope for alle som møter inntakskriteriane. Tilbodet er vidare retta mot personar som kan unngå å bli sjukmeldt og sjukmeldte personar som kan koma raskare tilbake i arbeid etter eit opphald ved AiR.

 

Hovudårsak til innsøking eller tilvising til AiR - Klinikk er vanlegvis helseavgrensingar og nedsett funksjonsevne som vanskeleggjer deltaking i arbeidslivet. Vi ser at når ein som arbeidstakar går gjennom ein vanskeleg helse- og/eller livssituasjon med uavklart problematikk, kan ein oppleve at det er vanskeleg å fylgje opp på arbeid samstundes.

 

AiR - Klinikk har størst erfaringsgrunnlag i brukargrupper med muskel- og skjelettlidingar og/eller lettare psykiske lidingar, der angst, depresjon og ei kjensle av å vera utlada ofte er vanlege fylgjekomplikasjonar for brukargruppa vår.

 

Søkje plass

Søknad om opphald blir behandla på AiR - Klinikk i eit tverrfagleg inntaksteam. I søknaden hentar vi inn medisinske opplysningar frå sjukemeldande lege og saksrapport frå Nav. I tillegg hentar vi inn informasjon frå søkjar om opplevd funksjonsevne og behov for tiltak for å gå tilbake til arbeid.

  

Brukarane ved AiR betalar ikkje eigendel for opphaldet og får dekt reiseutgifter.

 

Søknadsskjema og meir informasjon om innsøking finn du her.

 

Praktisk informasjon

Kvar brukar får sitt eige rom med bad og wc.

Fritidsavdelinga organiserer kurs, hyggekveldar, dagsturar i helgene med meir.

 

Måltid og kosthald

Kjøkkenet på AiR tilbyr eit variert kosthald med både tradisjonell norsk mat og utanlandske rettar. Menyen er etter Statens ernæringsråds retningsliner for kosthaldet ved helseinstitusjonar.

 

Kjøkkenet tilbyr diettar som glutenfri, vegetar, kosthald utan mjølk og kosthald utan svin. Diettane er etter Statens ernæringsråds retningsliner for kosthald ved helseinstitusjonar. Det må leggjast fram dokumentasjon frå lege om behov for eigen diett. Dei som treng eigen diett tek kontakt med AiR før ankomst. For dei som ynskjer råd om kosthald, tilbyr vi samtaler og rettleiing.


Ta gjerne kontakt med oss dersom du ynskjer meir informasjon.

AiR AS
N-3864 Rauland
Telefon: 35 06 28 00
Telefaks: 35 06 28 01

E-post: post@air.no

 



Publisert: 11/08/08
Sist endret: 06/09/10
Attføringssenteret i Rauland AS
N -3864 Rauland • Tlf: 35 06 28 00 • Faks: 35 06 28 01
Webdesign og cms: mpDesign