AiR - Klinikk
AiR -Klinikk (før Attføringssenteret i Rauland) tilbyr gjennom eit opphald på senteret å hjelpe brukarar til ein betre funksjon slik at dei kan få tilbake eller ta vare på arbeidsevna.
AiR - Klinikk blei opna i 1986 og har kapasitet til 68 brukarar. Kvart år er om lag 800 brukarar inne til vårt fire vekers rehabiliteringsopphald.
Målet med eit opphald ved AiR er å hjelpe våre brukarar til ein betre funksjon slik at ho/han kan få tilbake eller ta vare på arbeidsevna.
Du kan lesa meir om innhaldet i eit opphald her
Fjellbygda Rauland
AiR ligg i fjellbygda Rauland, som med sine rike kulturtradisjonar er ei særprega ramme rundt opphaldet. Heiar, fjell, skogar og vatn gjev gode tilhøve for aktivitetar i naturen til alle årstider. Senteret ligg omlag 20 mil frå Oslo og omlag 30 mil frå Bergen. Det går daglege ekspressbussar frå Åmot (18 kilometer frå AiR) mot Oslo, Bergen og Kristiansand.
Institusjon innan spesialisthelsetenesta
AiR - Klinikk er ein institusjon innan spesialisthelsetenesta og har leveranseavtale med Helse Sør-Aust RHF.
Nasjonalt kompetansesenter
AiR er òg Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering. Etableringa er eit resultat av at Stortinget i 2005 bestemte at AiR med sin kompetanse innan fagfeltet skulle etablere eit nasjonalt kompetansesenter for dette fagfeltet.
Les meir om AiR - Nasjonalt kompetansesente for arbeidsretta rehabilitering
ISO og CARF-sertifisert
Kvalitetssystemet ved AiR vart i desember 2006 sertifisert etter den internasjonalt anerkjente ISO-9001-2000 standarden. Krav om kontinuerleg forbetring av organisasjonen er eit sentralt stikkord i denne standarden. I desember 2009 vart sertifiseringa fornya etter den nye ISO 9001-2008-standarden.
I 2010 vart AiR - Klinikk sitt 4-vekers rehabiliteringsprogram og organisasjonen sertifisert for tre år etter den internasjonale CARF-standarden.
Ta gjerne kontakt med oss dersom du ynskjer meir informasjon.
AiR - Klinikk
N-3864 Rauland
Telefon: 35 06 28 00
Telefaks: 35 06 28 01
E-post: post [at] air.no